Tørrmuring

Det er berre om murar av naturstein vi kjenner til at omgrepet tørrmur vert brukt. I ein tørrmur er ikkje steinen sett eller lagd i noko slags form for mørtel. Det er måten steinane er plasserte på i muren, som avgjer at muren får stabilitet og styrke.

Samtidig som det er viktig at kvar stein blir lagd på rett måte, er det også den ferdige, heilskaplege muren som er garantien for at kvar einskild stein ligg stødig og sikkert. Vi kan seia – litt filosofisk – at kvar del er viktig for heilskapen og at heilskapen er viktig for kvar del.

Grunnprinsippet ved tørrmuring er å få til vektfordeling. Dei gamle murarane sa gjerne «legg éin stein på to, og to på éin». Det er dette som bli kalla å leggja steinane i «band» eller i «forband». På den måten utnyttar ein tyngdekrafta slik at alle steinane i muren – ideelt sett – er påverka av, blir haldne fast av, kvarandre. Det er det same prinsippet som vert utnytta når ein murar med teglstein, men med naturstein må ein gjerne arbeida litt meir kreativt og gjennomtenkt viss ein skal få til å laga mange gode band i muren, når ein har å gjera med stein i mange ulike former og storleikar. Det er også viktig å etablera gode bindingar (band) innover i murverket, oftast kalla «tverrband», på engelsk «throughstones».

Ein tørrmur kan ha berande funksjon, som i grunnmurar og andre fundament, han kan vera støttande, det vil seia til dømes halda jordmassar tilbake som i ein bakkemur, eller han kan gje livd og vern, som i le-murar, steingardar etc. Ut frå desse hovudfunksjonane kan ein sjå at tørrmura konstruksjonar kan ha eit uendeleg vidt bruksspekter, både i bygningar og i landskapsformande element (elvemurar, kisteveiter, kaiar, vegar, jernbaneanlegg, trapper, hellebruer, kvelvbruer etc.) . Særleg vil ein sjå stor variasjon i bruk av tørrmur i område med mykje stein og – historisk sett – lite vegetasjon, t.d. vestkysten av Noreg og Vesterhavsøyane.

Av hovudtypar tørrmura konstruksjonar kan nemnast støttemur (einsidig/enkeltvanga mur), kistemur (dobbeltvanga mur med eit sjikt av innfyll), utkraga murar (som i eldstader og vestnorske jordkjellarar), kvelvar (som i kvelvbruer, kjellartak, inngangar og vindauge i bygningar osb.). Ved elveforbygningar, kanalar og kisteveiter nyttar ein kjende hovudtypar mur, men slike anlegg vert likevel nemnde som ein eigen kategori her.  I slike anlegg vert ofte botnen lagd på ein spesiell måte, enten med ei form for «brulegging» eller med flate heller.

Utdanning i faget som tørrmurar skjer uformelt ved overføring av kunnskap frå person til person i eit arbeidsfellesskap. Faget er ikkje definert i Lov om fagopplæring og må reknast som eit tradisjonshandverk. I anleggsgartnarfaget er det lagt inn ein liten bolk muring med naturstein, men denne bolken dekkjer ikkje heile breidda av faget tørrmuring.

Sjølv om arbeid med leire- og kalkmørtel strengt vurdert ikkje er tørrmuring, som per definisjon er muring utan mørtel, har det ikkje vore uvanleg at tradisjonshandverkarar har kombinert desse fagområda. Særleg har det vore vanleg at ein tørrmurar har kunna nytta leiremørtel, t.d. ved muring av eldstader (gruer, peisar, smieavlar) eller der har vore eit krav om at kistemurar inn mot ein klimatisert sone (kjellarar, fjøs) skulle vera isolerte. Men sjølv om det vert nytta mørtel i «innmaten» i slike tilfelle, vert muren laga etter grunnprinsippa for tørrmur, dvs. med god ligg (kontakt) mot steinane i skiftet under, og med band og tverrband.

 

Tore Granmo

Sted: Hamar
Region: Innlandet
Status: Tjenesteyter
Telefon: 481 07 950
E-post: Klikk her
Link: Klikk her

 

Bygningskultur Røros AS

Sted: Røros
Region: Trøndelag
Status: Tjenesteyter
Telefon: 901 79 584
E-post: Klikk her
Link: Klikk her

Haakon Aase

Sted: Alver
Region: Vestland
Status: Tjenesteyter
Telefon: 918 71 129
E-post: Klikk her
Link: Klikk her

 

Weidner AS

Sted: Aurskog-Høland
Region: Viken
Status: Tjenesteyter
Telefon: 930 03 370
E-post: Klikk her
Link:

Ragg AS

Sted: Tvedestrand
Region: Agder
Status: Tjenesteyter
Telefon: 924 67 307
E-post: Klikk her
Link: Klikk her

 

Løken Bygg AS

Sted: Bærum
Region: Viken/Oslo
Status: Tjenesteyter
Telefon: 918 26 635
E-post: Klikk her
Link:

Berit Bruvik

Sted: Alver
Region: Vestland
Status: Tjenesteyter
Telefon: 909 68 140
E-post: Klikk her
Link:

 

Per Einar Lian

Sted: Os i Østerdalen
Region: Innlandet
Status: Tjenesteyter
Telefon: 986 08 312
E-post: Klikk her
Link: Klikk her

 

Gamlebyen Haandverk & Restaurering AS

Sted: Oslo
Region: Oslo/Viken
Status: Tjenesteyter
Telefon: 476 15 977
E-post: Klikk her
Link:

Magnus Haugen

Sted:
Region: Vestland
Status: Tjenesteyter
Telefon: 980 16 569
E-post: Klikk her
Link:

Jens Laland

Sted: Time
Region: Rogaland
Status: Tjenesteyter
Telefon: 951 12 341
E-post: Klikk her
Link:

Nedre Jølster Bilelag AS

Sted: Sunnfjord
Region: Vestland
Status: Tjenesteyter
Telefon: 916 62 972
E-post: Klikk her
Link: Klikk her

 

Jean-Christophe Scouarnec

Sted: Voss
Region: Vestland
Status: Tjenesteyter
Telefon: 939 65 538
E-post: Klikk her
Link:

Marius Holje Laft & Restaurering

Sted: Eidsvoll
Region: Viken / Oslo
Status: Tjenesteyter
Telefon: 917 01 536
E-post: Klikk her
Link: Klikk her

Jul Tore Kittelsrud

Sted: Gran
Region: Innlandet
Status: Tjenesteyter
Telefon: 918 21 016
E-post: Klikk her
Link: Klikk her

Olsvoll Entreprenørservice AS

Sted: Alver
Region: Vestland
Status: Tjenesteyter
Telefon: 988 60 575
E-post: Klikk her
Link:

 

Norderuds Oppussingsservice

Sted: Indre Østfold
Region: Viken
Status: Tjenesteyter
Telefon: 908 88 383
E-post: Klikk her
Link:

Laft og Vøling

Sted: Holmestrand
Region: Vestfold & Telemark
Status: Tjenesteyter
Telefon: 480 70 263
E-post: Klikk her
Link:

Sand Haandverk AS

Sted: Tønsberg
Region: Vestfold & Telemark
Status: Tjenesteyter
Telefon: 992 94 103
E-post: Klikk her
Link:

Jonathan Kalvik

Sted: Heim
Region: Trøndelag
Status: Tjenesteyter
Telefon: 901 80 161
E-post: Klikk her
Link:

 

Team Abrahamsen

Sted: Enebakk
Region: Viken
Status: Tjenesteyter
Telefon: 907 02 656
E-post: Klikk her
Link: Klikk her

Stenmur

Sted: Bærum
Region: Oslo / Viken
Status: Tjenesteyter
Telefon: 920 62 666
E-post: Klikk her
Link: Klikk her

Eystein Greibrokk

Sted: Bygland
Region: Agder
Status: Tjenesteyter
Telefon: 909 84 831
E-post: Klikk her
Link: Klikk her

Norsk Håndverk

Sted: Ringebu
Region: Innlandet
Status: Tjenesteyter
Telefon: 975 63 460
E-post: Klikk her
Link:

 
 
 
 
Forrige
Forrige

Steinhugger

Neste
Neste

Steintak